Les mer om oss

Flatland

Eit lite bruk i Tingvoll kommune på Nordmøre.


Limousin:

"Lett kalving, livskraftige kalver, lavest beinprosent, høy slaktetilvekst, høy fertilitet, lite fett, lang levetid, god fôrutnyttelse, tidlig slaktemoden, topp slakteklasse, høy andel av verdifulle stykningsdeler, topp spisekvalitet, meget god i krysningsavl, og stor typevariasjon innad i rasen slik at det er mulig å drive både intensivt og ekstensivt. Sist, men ikke minst, høy slakteverdi på hunndyrene, som det jo er halvparten av."

Tor-Erik Ertzaas, Limousin-Info nr.1, 2017

Jordbruket KAN redde verda, men då lyt vi slutte å lytte til enkelte professorar på Ås, kommentatorar i Tun Media og andre som ikkje har nok kunnskap om jorda vi dyrkar. Sjekk Netflix:

Bygge matjord

Det er eit trist faktum at store delar av matjorda i verda er degenerert av intensiv jordbearbeiding, kjemikaliebruk og kunstgjødselbruk. Dette er og i ferd med å degenerere overskuddet i drifta for verdas jordbruk. No er det mykje som peikar på jordbruket som ein viktig faktor i klimaarbeidet. Jordbygging består i enkle trekk av å auke mangfaldet, betre livsgrunnlaget for jordlivet og å lagre karbon. Hos Bondelaget står det at det tar 1000 år å lage god matjord. Regenerativt jordbruk har vist at dette ikkje er sant, om ein endrer på metodane. På få år kan ein bygge mange centimeter fruktbar jord. Karbon og nitrogen kan ein hente frå lufta. Mineral og sporstoff kan ein hente frå grunnen. Dette skjer ikkje av seg sjølv, og krev at drifta skifter fokus frå produksjonen oppå jorda, til fokus på det som skjer i jorda. For at dette skal fungere, MÅ ein følge dei 5 prinsippa for god jordhelse. Det er i USA ein har kome lengst i dette arbeidet. Erfaringa derifrå syner at ein kan behalde avlingsnivået, auke næringsinnhaldet i planter, kjøtt og egg, og auke overskotet pr areal. Storfe har ein viktig rolle i arbeidet med å fiksere karbon i jorda.

Her på bruket er vi særleg inspirerte av Rodale Institute, Gabe Brown og Allan Savory.  https://rodaleinstitute.org/ 

Karbon, frå luft til jord

Det er målet. Biproduktet er ekstra næringsrik mat, og betre økonomi. Ved å byggje ei robust matjord, byggjer ein ei robust helse og ein robust økonomi hos jordbrukaren. Ein byggjer også ei robust helse og eit robust samfunn kring jordbrukaren. 

"KISS THE GROUND" på Netflix er ei fin innføring i korleis jordbruket kan redde jorda. Mangel på jordkunnskap blant jordbrukarar er eit stort problem som må overvinnast først. Det gjeld i høgste grad i Noreg og.

NRK forklarer karbonlagring, jordas internett og soppens sentrale rolle:

Igor

26.04.2013       Stambok 60128

Embryookse etter toppkua Vive (Pax/Isambert), og kalvekjøtprodusenten Vitelo (son av Milou). Far til Persephone. Gir små kalvar ved fødsel, god kalvingsevne på døtre og god slakteklasse.

Junior ET

stambok 60742

Embryookse etter Junior og Pailotte. Morfar til Ravna av flatland.

Korrigert årsvekt på 700 kg.

Excuise

Stamboknummer 67931

The perfect bull

Excuise er den perfekte oksen. Brukt på kviger utan problem i to ulike besetningar. Passe størrelse med supert eksteriør. God lengde med ekstrem kjøttsetting. Godt lynne og gode klauver. Produserer både oksar og kviger som vil vere ettertrakta i ei kvar besetning. Dette er ein okse vi skulle brukt meir...

Fuschia

Dette er ein okse som gir lette kalvar ved fødsel, og har ein super produksjonsindeks, ISEVR, på 132. Samleindeksen, IVMAT, er svært gode 119.

Første kalv kom i september 2021. 2 år gamle oksar etter Day og Engy er salgbare no.

Hussac

Kalvekjøtprodusent i toppklasse. 

Døtrene produserer brukbart med mjølk.

Horn

Kompakt okse som er usedvanleg god på både produksjon og moreigenskapar. Han har styrka seg i det franske IBOVAL-systemet, og har fått supersterke 115 i døtres mjølkeevne. 

IVMAT 129 og er med det på 4.plass, jamnt med Cameos.

Usted x Remix

ENGY RRE VS

Tidenes beste limousinokse. 

IVMAT 132

Denne oksen fekk sine indeksar seint, og seminlageret er tomt. Han kombinerer over middelet på alle viktige målbare eigenskapar, og toppar med døtres mjølkeevne på 122. Vi har fått ein okse etter ei ku med lite mjølk, og ei kvige etter ei ku med mykjy mjølk. Vi har framleis eit par dosar i bakhand.

Jacobine

stambok 33347

Far: Rockstar

Morfar: Lino

Mormors far: Malibu

Ei tønne av ei ku. Godt eksteriør, jamnt gode eigenskapar inkludert godt med mjølk og avvenner særleg robuste kalvar. Aldri klauvskore. Held seg særleg godt, og let seg ikkje merke av alderen.

Impressive           

stambok 102431
23/01-17      40 kg


Far: Ley            

Morfar: Rockstar   

Mormorsfar: Milou


Robust og ytende!

Lisette

stambok 49211


Far: Day

Morfar: Veteran

Superku. Moreigenskapar i toppsjiktet. Meir mjølk enn kalvane tek unna. Supergodt lynne. Lettinseminert og god kalvingsevne.

 Mange generasjonar franske oksar bak seg. Kalvar lett, og sjølv om Day ofte gir tunge kalvar som far, så har denne kua sine 3 kvigekalvar vore godt under 40 kg. Den første oksekalven kom to veker på overtid og var 47 kg.

Barista

Stambok 112583

Født 18/02-20  42kg

Far: Loyal

Morfar: ET High-Five av Eide

Mormorsfar: Milou

Nett ku som har gode morseigenskapar. 

Godt eksteriør og god harmonisk muskelsetting.

Godlynt, men skarpt morsinstinkt. Eit lykkekjøp frå Eide-besetninga.

Omaha

Stambok 111656

Født 21/07-19 36kg

Far: Engy (IVMAT 137)

Morfar: Day (IVMAT 124)

Mormors far: Veteran

Mormors morfar: Tricot

Mormors mormors far: Pax

Særleg godt lynne, med gode bein og klauver. Meget god kalvingsevne og mykje mjølk. Vurderer embryoskylling.

Persephone

Stambok 110457

30.06.2020    38kg

Farsida til Igor ET: Vitelo-Milou x Pax-Isambert

Morsida siste 10 år: Frascati-Tricot-Usse-Neophin-Hot Shot ET

Gjenomprøva franske seminoksar og anerkjende embryodyr i ubrote rekkjefølge frå 2003 i denne ungkua.

Gode bein, supergodt lynne og passe størrelse.

Rausi

17.02.2021                41kg

Horn

Genial

Pax

Roleg, harmonisk, kompakt med godt eksteriør inkludert bein og klauver. Datter av tidenes 4. beste okse.

Ravna 

12.08.2021     39kg

Hamil PP

Junior ET av Utgardstrøen

Star MN

Olav ET Engelbrektson

Dette er oksar som kvar for seg produserer hodyr med over gjennomsnittet god kalvingsevne. Når du har dei etter kvarandre i fire generasjonar som her, så er vi garantert lette kalvingar.

Hamil PP har mykje kjøtt og særleg god kalvingsevne på døtrene. Tyske seminoksar har oftast gode bein og klauver. Han får noko tunge avkom i gjennomsnitt, men det har vi ikkje merka noko av her

Kviga er i ferd med å utvikle eit solid eksteriør med stort bekkenomfang. Bein og klauver ser ut til å halde seg optimale. Legg til uvanleg(for kolladyr) omfangsrik kjøttsetting og godt lynne, så er det berre fruktbarhet og mjølkemengde vi ennå er spente på å finne ut av. Vi har sett ein del kollaavkom oppgjennom. Dette er den første som har imponert oss.

Stambok 113200
12.08-21        38 kg

Monsun av Eide

Rockstar

Milou


Lø av Eide er eit nytt tilskot til besetninga. 

Særleg roleg kvige med godt eksteriør.                                 

Ria         

20.08.2021         33kg

Fuschia

Armoric

Superior av Eide

Bostic av Eide


Muskelbombe med superlynne.            

Ryllik

17.12.2021    40kg

Fuschia

Monster av Eide (Tango x Pax)

Triompha MN

Highlander

Genial

Ecossais

Første kalv vart ei kvige på 39kg etter Excuise. Ryllik ser ut til å ha godt med mjølk, og er ei særleg roleg mor.                    

Lag din egen hjemmeside gratis! Denne nettsiden ble laget med Webnode. Lag din egen nettside gratis i dag! Kom i gang